3/11/2017

BS Nytt Veke 44

Endå kan me arbeida i høgfjellet og me har fortsat god framdrift rundt om.

Fortsatt kan me arbeide til fjells.

 

Me hadde nokre ungdomskule elevar i forbindele med solidaritetsdagen i går. Albert- og Viljar Løland fekk prøvd seg i avdeling bygg og betong.

Vegard- og Vibeke Rød var med faren Halvard, for diverse reingjering og vedlikehald på blandeverket.

På Finnflot er det fortsatt drift så lenge været er med oss, og no ser det ut til at me kan var der også neste veke. Denne veka har me støypt frostveggsfundament og er i gong med forskaling / armering på kronene i austre ende og ønskjer å få å støypt delen fram til felt 1 før vinteren tar over.

I Slettedalen er betongarbeida på bru 1 og 2 ferdige, og me er no i gong med brukar på brun nr 3.

På Eramet har me hatt platestøyp på importkai og diverse reparasjonarbeid på nokre fenderar til kaien.

I åbødalsvegen er det fortsatt god framdrift på VA arbeida for Sauda Kommune.

 

Og så på Svartavatn er det framleis drift og der vil me og driva neste veke, sidan værmeldinga ser grei ut. Dumperen vert flytta ned no, men me fortset med lastebil.

 

I Tysse nærmar me oss no å var heilt ferdige, men også denne veka har me vore der med dei siste arbeida med luker osv ved inntaket. I går vart røyrgat fyllt med vatn og i neste veke er det planglat prøvekøyring av kraftverket.

På Norsk Stein er Olav stadig i drift og han er no flytta frå reinsk på pall til avdekking. Olav melder at han trives godt på Berakvam og frå Norsk Stein er det også bare gode ord å hente, også Vetle som var vikar i sommar fekk gode skussmål !

Personalmøte

Me har planar om eit personalmøte, dette prøver me å få til onsdag 15. november frå kl. 14.00 og ut dagen, men det kjem eiga innkalling med agenda.

 

 

HMS

 

Hugs kjettingar på alle laste- og betongbilar. Det skal være minimum tre kjettingar med på kvar bil. Fristen for dette er 1. november!

Det skal også være minimum 5mm mønster på dekk.

 

Gratulera til Tor Helge som har bursdag i dag, fredag!

 

Ha ei god veke!