10/11/2017

BS-NYTT veke 45

Vinteren kjem og me har flytta ned frå høgfjellet!

Då er snøen komen. Til og med her utanfor kontora snøa det nettopp. Heldivis såg me dette kome og har flytta ned maskinar og utstyr, både frå Dam Finnflot og frå Dam Svartavatn.

På Finnflot har me denne veka støypt nokre meter av krona på dammen, fram til felt 1, i tilleg er alt utstyr rigga ned og klargjort for lagring gjennom vinteren.

I Slettedalen har me støypt bruplata og føringskant til bru nr. 3 og i tillegg murt rundt brukara på dei bruene som er ferdigstilte, og også her rigga ned utstyr for avslutning denne sesongen.

På Eramet har me fått gravd ut område der pumpekum skal plasserast, og er no i god gong med betongarbeida. Me vil støypa bunnplata i løpet av dagen i dag.

Me har og hatt nokre ringmurar for privatgarasjar denne veka, heile tre stk faktisk.

I Tysse er det no drift på Kraftverket som ser ut til å virke godt.

 

Personalmøte

Det vert personalmøte onsdag 15. november frå kl. 14.00 og ut dagen.

 

HMS

 

Me hadde ei hending med pumpeslangen på den nye betongpumpa som gjorde eit kraftig hopp på Finnflot her om dagen. Det var eit par mann som fekk seg ein liten fyketur, men heldigvis slapp unna med minimale skader.

Hugs å hald avstand før ein har fått betong gjennom slangen første gong!

Pumpesjåfør må nok ta eit ekstra ansvar for å «jage» folk vekk frå slangen akkurat når dette skal skje.

 

 

 

Ha ei god veke!