17/11/2017

BS-NYTT veke 46

Mindre aktivetet og minusgrader i vente

Me har no full trøkk på produksjonen av massar i grustaket. På vaskeanlegget blir det nok siste veka, sidan det meldes om kuldegrader og kaldare værtype framover.

Me har no nok betongtilslag på lager til å dekka behovet for vinteren.

Det er for tida mindre arbeid i betong-avdelingen så me har fått ein avtale med Ryfylke Bygg med utleige av Geir Egil og Leif Kåre.

På Eramet har me prioritert betongarbeid for pumpekum, og reknar med å støype vegger og dekke i ein samanheng på måndag. I tillegg har det vore diverse arbeider i ovnshus og på Svedala knusar. Elfinn grev grøfter for  vatningsanlegg på lagerområda.

I neste veke vert det ein driftsstans på omn 12, der me skal utføra reparasjonsarbeid o katastrofegropa. Det skal sprutast betong på vegger, og støpast ny plate i botn på eine sida av gropa, arbeida vil pågå med døgndrift fram til ferdigstilling.

I Almannajuvet har me hatt noko veisikring på F 520 for statens vegvesen og på gruvestien for Sauda Kommune.

Me har fjerna eit trafobygg i betong, og dekka øve kablar i Kongsveien for Haugaland Kraft. 

På Folkets Hus har me gravd kabelgrøfter og planert parkeringsplass.

I Brekkebakken er me no i gong med graving for for vasslekkasje for Ole Martin Øverland.

I Åbødalsvegen sig me oppover med hovudgrøfta. Me tar også med oss grødter sim skal inn i sidegater.

Arbeidarane har det godt her! I forrige veke kom det deilige vannbakkels fra ein snille nabo. Denne veka kom ein annan snill nabo med sjokoladekake:)

For Veidekke driv Øyvind med grøfter, det skal leggjast inn pumpeleidning frå brannkum (vasstank) til hydrant inne på Statnetts område.

 

Personalmøte

Takk for godt personalmøte med gode diskusjonar. Hovudtema vart naturleg prosjektet med dam Finnflot denne gongen, men nye tema vil komme på neste møte.

 

 

HMS Vinter

 

Det ser ut til å bli minusgrader og vinter neste veke. Viktig å ha vinterdekk / kjetting klar til kjøretøy, dei fleste har nok det no.

Og tenke over utsyr som kan var utsatt ved frost, dekke til, og / eller får det eventuelt under tak.

 

Ha ei god veke!