24/11/2017

BS-NYTT veke 47

Me held fram med arbeite i ekstremværet!

Aktivitet i Grustaket

I grustaket ryddar me no vi vekk jordmassar som vert laga som skjermvoll mot øst og gjer klar nytt uttaksområde for neste år.

Det er ein del storstein som ikkje går i grovknusaren. dess vert ikkje nytta til anna og vert dermed køyrd på tipp. Det er også mange store steinar som må sprengas her. Me reknar med at at me får desse sprengd og fjerna neste veke.

Grovknusing, produksjon av pukk og grus går for fullt.

Fra i dag av skal me levera ein ny type blanding av strøsand; 0-6mm fra sandhallen. Denne er blanda 50/50 med 0-6mm og vaska 2-6mm masse.

Grunnarbeider 

Pumpekummen på Eramet er ferdig støypt, nå gjenstår omfylling og støyp av plate for pumpecontainer der.

I Åbødalsevegen går det for fullt, her har me også fått gravd grøfter for nye ledningar for avløp og overvann til privatboligar i tillegg til hovedgrøfta.

Det har vært ei krevende veke med ekstremvær som har gjort skade fleire stader 

Det vert ein del heft med gravearbeider når det er slike forhold.

I Almannajuvet fikk me vekk ei stor steinblokk fra stien som vart renska ned av fjellsikrerar. Me er også i gong med wire-trekking her. Me monterar det me kan neste veke, så må noko gjenstå til neste sesong i tilknytning til den store brua inn til gruvene.

Betongarbeider

Pumpekummen til Eramet er som sagt no støypt og me har vert med på rehablering av binge på Svedala.

I ovnshuset har me spruta betong på vegger og støypt golv på eine sida i katastrofergropa på ovn 12. Arbeidet i ovnshuset vart ferdigstilt i løpet av eit døgn med godt samarbeite mellom drift og våre ansatte. Takk for en god innsats til alle involverte!

På Norsk stein er me no i gong med diverse betongarbeid. Den største jobben er fundament  til en tippstopp mot sjøkanten .  

Me minnar om påmeldig til årets julabord seinast mandag 27.nov!!!

Ha ei god veke!