1/12/2017

BS Nytt veke 48

Vinter og aktiviteten avtar, men me vinn og stadig nye anbod.

For Norsk Stein har me drive forskaling - armering og støyp av nytt fundament til forlenging av ny tippstopp denne uka. Det er noko mildare og ikkje snø på Berakvam.

På Eramet fekk utbetra slaggroper med spruting av betong på offerveggar og tappehol, og tillegg har me tilbakefyllt rundt ny pumpekum ved Praxair.

I Åbødalsveien går VA arbeida sin gong sjølv om det er frost og vinter.

For Statnett har vi utført grunn og betongarbeid på et nytt mastefundament i et av linjefelta, og Øyvind driv med graving av grøft.

 Arbeida for statens vegvesen i Almannajuvet vart ferdigstilte denne veka med siste støyp.

Også gruvestien har me no trekt oss vekk frå no for vinteren, sjølv om nokre mindre arbeider gjenstår der.

Generelt er det no ein del rolegare og det vil nok bli for rolig i januar, før me kjem i gong med kaien i Saudasjøen vonaleg i starten av februar.

Arbeid for 2018

 

Me jobbar stadig med å fylle ordrebøkene for neste år, og har hatt ei god veke med positive tilbakemeldingar på fleire tilbod me har gitt. Me er no oppe i same ordrereserve for 2018, som det me hadde for fjoråret i desember 2016. Med andre ord kan det no sjå ut som me får eit godt aktivitetsnivå også for neste år. Likevel har me fortsatt ledig kapasitet og er klare for å  gi tilbod.

 

Julabord

Me gledar oss til Julabord på Sauda Fjord Hotel neste fredag, og det er påmeldt heile 61, så me blir ein god gjeng J

 

 

HMS

Me er inne i den kalde tida og me skal var klar over faren for frostskader, det er spesielt hender og andlet som er utsett. Det kjem og ofte influensa i denne tida og god handhygiene er beste tiltak mot dette.

 

 

Gratulera med dagen til Bjørn André på søndag!

 

Ha ei god veke!