3/2/2017

BS-NYTT veke 5

Godt vær og god drift! Vinteren lar vente på seg, noko som er negativt for nokon men positivt for oss!

Betongarbeida på Vangsnes i gong

Då er me komne godt i gong med betongarbeida på bygget for ambulansegarasjar og leiligheter som skal førast opp av Berge Sag på Vangsnes. Været er fortsatt gunstig, og me vil arbeida effektivt med god framdrift på dette prosjektet. 

Nye Dieseltankar

På Treaskjæret er no arbeida med dei nye dieseltankane snart i mål.

Tysse

Me har henta folk i frå Tysse, der det vart støypt i går, og der rivinga av dette kan vente til over helga. 

I Tysse er det framleis god framdrift på grøfta.

Diverse aktivitet

På Kårstø har me hatt tre stk også denne veka, og det skulle være avslutninga på arbeidet for vår del der ute, men no vart det forlenga med også neste veke. Det er to stk som blir der neste veke; Atle og Tor Helge.

På Folkets Hus kjem ein periode med lågare aktivtet for oss, men levering av betong er det stadig.

Det vil verte ein del meir arbeid for Veidekke på Austerheim framover. Elfinn skal over helga i gong på Statnett. Der vil også Arnt Øystein snart flytta til med sin maskin, og også Øyvind. Lastebilar for massetransport vil også verte engasjerte der inne.  I tillegg til maskinar med mannskap er det signalisert at dei treng hjelp med betongarbeid også framover.

På Eramet skal me i gong med noko steinlegging ut i neste veke.

Ny Hjullastar

For ny hjullastar i grustaket enda valget på ein Volvo L150H.  Me vonar det vert ein god og effektiv maskin, som kan gi god produksjon i åra framover. Førar på denne vert hovedsakleg Leif Harald, som ha vore med i innkjøpsprosessen og sjølvsagt håpar me også han vert nøgd med den nye maskina!

Levering er venta i løpet av Mars.

HMS

Det er viktig at me hugsar å sikre oss forsvarleg når me er frampå kantar og stup, enten i terrenget, eller i bygg og prosjekt ellers. Me har godkjent fallsikringsutstyr tilgjengeleg ved behov.

Me gratulere Trygve med dagen søndag, og Tita med sin dag på måndag!

 

Ha ei god veke!