2/2/2018

BS nytt Veke 5

Ei ny veke er gått og me har det travelt i fleire prosjekt

Travelt og kjekt hjå oss no.

Denne veka har me på Eramet utført steinlegging på Moranlegget under 36 timer stansen på ovnene , arbeidet med oppmeisling – planering og   legging av ca 120 m2 ny stein blei utført i god tid før oppstart av ovnene. I  slaggropene har me gravd fram og flytta ein sedimenteringskum på ca 100 tonn og starta med prefabrikering av armering til forlenging av fundamenter og vegger i gropa. Arbeidet i slaggropa skal utførast og ferdigstillasi i løpet av veke 6 og er oppsatt med ein 2 skifts ording for å komme i mål til fastsatt tid.

Det siste døgnet har me flytta ein kum som ein spesial operasjon (bilete over).

I Kvilldal har me etablert Overvannskummer med avløpsrør og støypt magerbetong på vei kryssingen til vei 2. Det blei snø og vinter der og, men gjengen har det bra og koser seg rundt matbordet på brakka.(bilete rett over).

 

For Saudefaldene på trafostasjon 1 ved Eramet Vakta har me denne veka støypt dekke på avlastingsrampe og fjerna innvendig  betongtrapp.

 

 

I Åbødalsvegen har me og fortsatt framdrift, sjølv om det variable været gir utfordringar.

 

På Hebnes støypte me vel 45 kubikk med betong til ein gjødselskum.

 

 

HMS

Det er vinter og glatt underlag, vær obs på dette når du er til fots også, me er opptatt av dekk og kjetting på kjøretøy, men skaden kan og komme når ein skal ut av kjøretøyet på blanke isen, eller snøføre!

 

Gratulera med dagen og 6 x 10 hurra til Trygve på måndag! og gratulera med dagen til Tita på tysdag!

 

Ha ei god veke!