15/12/2017

BS Nytt veke 50

Realtivt stabilt vær denne veka og ikkje alt for kaldt, og me har fullt trøkk i grustaket

 

Full drift i grustaket og framdrift i øvrige prosjekt!

Me har fortsatt betongarbeida for Norsk Stein også denne veka. Det vert ny støyp over helga. På maskinsida er no Vetle komen i gong med arbeida og Olav er jo fortsatt i full drift med avdekking.

Det er stor aktivitet i grustaket om dagen, der alle våre knusarar og to sikteanlegg går for fullt.

Dei grovaste massane som kjem frå grovknusaren er 0-120mm knust pukk og grovgrus natur 0-100mm. Disse vert foredla videre til dei finare fraksjonane 0-8mm, 8-16mm, 0-16mm, 16-32mm og 0-32mm.

I Åbødalsvegen er me no i gong med sidegrøfter med meir.

På Eramet har me denne veka hatt noko gatemaling, og nokre mindre diverse arbeider. Og fortsatt har me framdrift på grøft for vatningsanlegg.

Fortsatt har me Leif Kåre og Geir Egil på utleige til Ryfylke Bygg der dei driv med bygging av Elvatun .

Juleavslutning.

Me tek vår tradisjonelle juleavslutning i matsalen på Treaskjæret fredag 22. desember kl. 11.30 – 13.00.

Gratulera med dagen til Olav tysdag 19. og Alf Ottar på onsdag 20. desember!

 

Ha ei god veke!