22/12/2017

BS Nytt veke 51

Førjulstid for oss og våre prosjekt

Arbeid på Norsk Stein

På Norsk Stein har me fått bestilling av maskin nummer to også utover i januar. 

Betongarbeida her har gått bra. Me har denne veka fått støypt ei stor betongplata framfor grovknusaren og i tillegg ein ny tippstopp, og nokre mindre betongarbeid på kai og verkstadbygg. Arbeida er no ferdig utført, men me har att noko opprydding og riving av forskaling.  Olav er fortsatt i drift med avdekking. 

Vetle fekk eit godt bilete som høver godt i desse solsnu tider.

 

Diverse arbeid i bygda

I Maldal har me starta betongarbeida for ei hytte for byggmester Sondre Birkeland. Me får prøvd oss under telt som dei har tatt i bruk på sine prosjekt i det siste.

 

I Åbødalsvegen har det vore litt rolegare denne veka på grunn av frost i bakken, og litt vel travle tider for røyrleggar.

 

På Eramet minkar det på arbeida med grøfter grøft til vatningsanlegg, kryssing av veg mot kanal er det som no står att.

 

I grustaket har me hatt full produksjon også denne veka.

På Blandeverket har me hatt nokre større leveransar også denne veka, sjølv om det andre dagar er lite og ingenting. Me prøver no å samle betongleveransar på nokre dagar og ha andre stengt for å effektivisere og utnytte ressursane våre best mogleg.

 

Ny asfaltfres

Da har me prøvekjørt vår nye asfalt fres. Den ser ut å fungere bra med fine kutt og overganger.

Denne fresen kan fresa asfalt og betong ned til 150mm og sikkert tele i bakken også.

Om ein skal kryssa vegar med grøft så kan det var fornuftig og bare fresa opp asfaltdekket på grøfta, da treng ein ikke skjæra med asfaltsag og kjøra asfaltflak til deponi.

 

Utbetring av lager på Birkeland

Etter ei intern undersøkjing er det konkludert med at me ikkje bør blokkera for utviding av lagerbygget bå Birkeland, men at me i første omgang bør ha god hjelp av nokre opne tak – reolar på 9 x 12 meter og ein hems over port i gavl på hovudbygg.

 

Nytt arbeid

Det er komen forespørsel frå Eramet på resterande utviding av nytt deponi i Kviå. Dette skal gjerast med tetningslag og membran, og er frå vår side vurdert som vel kompleks for oss ta risiko på eigen hand, og me vel å ikkje gje tilbod på dette i eigen regi.

For Eramet er me også tinga til arbeid med slaggroper i veke 5-2018.

 

Saudefaldene har tinga oss til hjelp med noko rigg og førebuande arbeid for Tranformatorstasjon 1 ved vakta på Eramet. Dette kjem i gong allereie frå januar av.

 

Proresult

I Jule og nyttårshelga er det på nytt bevegelege helligdagar. Husk å før desse i proresult. Vel 9 fravær/ sykdom/ fri og bevegelige helligdager.

Det gjeld 25 og 26. desember og 1. januar.

 

Verdt å vite

HMS

Ver varsam når du trør ut av bil, eller maskin, og elles på det glatte isføret me har mange stader for tida. Dette ein og landar forkjært kan det føre til meir, eller mindre alvorlege skader.

Me har og strøsand på lager som ein kan strø med!

 

Gratulera med dagen til Geir på sjølvaste nyttårsafta 31.12.2017!

 

Hjå oss tek mange fri i romjula, men nokre er og i drift.

 

Ha ei god Jul og eit godt nyttår!!