29/12/2016

BS-NYTT veke 52

Ekstremværet Urd er tilbakelagt og det er no meldt rolegare, og etter kvart noko kaldare vær.

Me har høg aktivitet i Tysse, med betongarbeid på stasjon i tillegg til røyrlegging i grøfta oppover og også noko sprenging. På Vangsnes er gamle bygningen riven, og det er bare fjerning av plater over grunn og fundament att, før det kan startas grunnarbeid for ny bygning. 

Årssamandrag for 2016 

Frå rundt påsketider vart dette året svært hektisk, og det var særleg som underleverandør til Rehabilitering av Dam Svartavatn for AF Gruppen, og arbeida ved Statnett Austerheim for Veidekke, som tok mykje kapasitet. Men og oppdrag i eigen regi, ikkje minst med rehabilitering av Dam Finnflot som starta i August, og Tysseelva kraftverk som har gått gjennom heile året. 

Januar 

Starten av året var noko roleg, og me måtte permittere 7 stk. Prosjekta som gjekk var bygging av strøsand hall i grustaket, Dag Ole Stråbø si tomt for einebustad i Trosavikåsen, og Tysseelva kraftverk. Det var kaldt vintervær i frå starten av året. Me hadde og arbeid for Vassbakk og Stol som hadde oppdraget med utspreging for Statnett på Austerheim. 

Februar 

Me prøvde å rekne på nytt deponianlegg til Eramet på Kviå, og på Suldal Bad, men ingen av desse gjekk vegen. Me vart ferdige med oppdrag for Vassbakk og Stol på Statnett ,og mot slutten av månaden fekk me eit oppdrag med å bistå Weldone med ein lukejobb på Breiavatn på Hardangervidda. Åge Rødsås døyr brått og uventa denne månaden 

Mars 

I Tysse sprenger me ut stasjonstomta, og vegen til stasjonen byrjar og å bli svært bra nå. Oppe ved inntaket er det funnet fjell ved damfot, og det er starta med inn-måling. Det er blitt montert veggelement til underetasjen hjå Dag Ole Stråbø, og arbeida med forskaling av dekke er godt i gong. Me kjøper ny – brukt Hitachi 225 gravemaskin. 

April 

Me får grunnarbeid for AF Gruppen på Dam. Me har generelt høf aktivitet og me er alle mann i arbeid att. Me har Sauda Bilverkstad, og me får arbeid for Veidekke på Statnett Austerheim. For Saudefaldene har me arbeid på Holmavatn. Kjell Vikse Rørtveit vert ansatt som hjelpearbeidar / Maskinførar. 

Mai 

Me kjem i gong for Veidekke på Statnett Austerheim. Me har god drift på grunnarbeidet ved Svartavatn for AF. Også spylereinsk og bolting kjem i gong. Me har flytta ressursar frå Tysse til Svartavatnet no. Men i Tysse er det framgang på betongarbeida, og første støyp oppe ved inntak er ein milepåle. Inntaksdam vert armert og forskala denne månaden. Det vert avgjort at me får betongarbeida for rehabilitering av Dam Finnflot for Saudefaldene. 

Juni 

Me støyper inntaksdam i Tysse. I Svandal støyper me for hyttet til Per Magnus Hareland. Me forskalar garasje for Bjørnar Kvaløy, og me set på enda meir mannskap for AF på Svartavatn. Dei bestiller og materiell for anleggsbru. Me kjøper ein ny Hitachi EX 130 gravemaskin. Me taper Tverråna bru med knappast mogleg marging på kr. 3.000,- Me klarer ikkje å vinne Hovlandsnuten Opp denne gongen. Stian Fløgstad vert tilsett som ny maskinførar. 

Juli 

Me er no i full avvikling av sommarferie, men har framleis ein del arbeid som går. Det er først og fremst på Dam Svartavatn det er aktivitet. Her ha me ein god gjeng på arbeid med reinsk og bolting for tida. Og me ligg godt an med denne jobben, som etter kvart nærmar seg innspurt. Me held og aktiviteten i gong i Tysse der det vert lagt røyr og ein no prøver å krysse elva med røyra. 

August 

Me kjem for fullt i gong med jobben på Finnflot for Saudefaldene. Og det er varmt og godt vær å arbeide i på fjellet. For AF og Veidekke er det fullt kjør med levering av betong. I Tysse er det litt ferieavvikling og litt redusert framdrift. Det er synfaring for Nye Folkets Hus, og me reknar på Fivelandselva kraftverk for SKL. 

September 

Finnflot jobben fortset med full framdrift og milepel med første støyp. Det er også denne månaden store betongleveransar til både Veidekke og AF. I Torsvegen er det no klargjering av kantstein og asfaltering som pågår, samt fortsettelse av grøfta i retning Parkveien. Me taper betongarbeida for Nye Folkets Hus, men vinn grunnarbeida. 

Oktober 

I Tysse denne månaden får me kryssa den kommunale vegen med røyrgata. No nærmar det seg det brattaste partiet av røyrgata. I Maldal støyper me for hytte. Torsveien blir ferdig asfaltert. På Svartavatn blir anleggsbrua demontert og arrondering av vegar og plassar startar. Me reparerer ei gangbru på Svarthøl for Saudefaldene. Me vinn gangveg over Høllandsfossen, og klargjering for ny kunstgrasbane på grusbanen. 

November 

Me har ein intensiv jobb med slaggroper for Eramet. For Hako Total as er me i gong med etablering av avlastingsplater på Tverråna bru i Åbødalen. Me har og starta med prefabrikering av armering til pilarane på Finnflot. For AF vert arbeida ved Svartavatn avslutta, medan Veidekke fortset for Statnett på Austerheim. Ein gjeng vert leigd ut til Veidekke sitt prosjekt med Johans Sverdrup på Kårtsø. 

Desember 

Me får beskjed om at me diverre ikkje vant Fivelandselva kraftverk. Me set i gong med riving av «gamle slakthuset» på Vangsnes, der det no kjem ambulansegarasje og leiligheiter. Her får me og betongarbeid etter kvart. I Tysse set me ekstra innsats på betongarbeida på kraftstasjonen, og dei skal vara ferdige til slutten av februar neste år. Det vert gitt varsel om permittering til alle ansatte, men det er usikkert korleis omfanget blir, og månaden går utan at nokon vert permittert. 

Geir gratulerast med dagen nyttårsaftan.

Me ynskjer dykk alle eit Godt Nytt År!