10/2/2017

BS-NYTT veke 6

Framdrift trass bitande austavind

Ambulansestasjonen

Det har også denne veka vore fint vintervær, men ein bitande kald og til tider sterk austavind. Det stopper sjølvsagt ikkje oss, og me har hatt god framdrift med betongarbeida for prosjektet på Vangsnes. Fire mann arbeidar med fundament, og vegger til heisgruve er støypt og fyllt inntil. I tillegg er cirka halvparten av  fundamentsolane til bygget forskalt og vert no armert og støypte tidleg neste veke.

Aktivitet denne uka

I Tysse er det framleis god framdrift med grøft og røyr. Gjermund og Nils Gunnar er no på plass for å rive forskaling etter siste støyp på kraftstasjonen. Me må no få komma i gong med betongarbeid også oppe ved inntaket. Me har satt dette til Mars månad, men det er greitt å komme i gong så snart det vert praktisk tilgong forbi arbeida med røyrgrøfta.

Her utanfor kontorvindaugene er det kobling av nye dieseltankar til pumper, og siste finish på overflata.

På Kårstø avsluttar Tor Helge og Atle sitt egasjement, og dei vil settast i sving her heime fra neste veke av.

For Veidekke har no både Elfinn og Arnt Øystein flytta seg inn til Austarheim, og vil no bli der i ein periode framøve.

Ny Steinleggingsklype

Her ser me eit bilete av ny klypa for legging av stein som skal brukast på Eramet, i neste veka.

HMS

Dette må vel være aktuelt både under HMS og litt interessant informasjon om dagen:). Henta frå YR.no

Me gratulere Geir Egil med dagen

søndag, og Terje med sin dag på torsdag om ei veke :)!

 

 

Ha ei god veke!