9/2/2018

BS Nytt veke 6

Det er vinter og varierande vær, samtidig som me er i ein hektisk periode med intensive arbeider på Eramet og i Kvilldal

Mykje støyping i snøværet i går.

Det vart mykje snø som kom i går, og i dette snøværet hadde med støyping både i Kvilldal og på Eramet. Både kvalitet og sikkerheta vart sikra , og begge støypane vart godt avvikla.

I slaggropene for Eramet har me fått utført tilbakefylling rundt sedimenteringskum og støypt fundament til vegger og nytt opplegg for rister på kummen. I tillegg fekk me planert – montert stålbjelkar og støypt plata frå kum mot tappehol i går kveld. I dag vil me starta med armering til vegger i slaggropene. Og me vil fortsetja med 2 skift i veke 7, takk til alle, det har vore svært god innsats!!

I Kvilldal har me forskala og hadde som nemnd støyp i går,  med margerbetong på vegkryssing. Me har også fått grave for og montert røyr for overvatn mellom kummane. framdrifta her følgjer planen, me leiger inn eit par karar frå AS Forskaling i neste veke.

På Transformtorstasjon 1 for Saudefaldene går det også godt, med riving og montering av trapp, og noko flikking på betongvegger mellom kummane.

I Åbødalsvegen skal me no grava oss inn i krysset og leggja stikk ut til alle gater før me fortset opp Wergelandsvegen. Det er nær ein halv meter frost/ tele i bakken der nå, og det skapar litt utfordringar for infrastruktur i bakken som kan frysa fast i massane.

For Tipp Transport tok me ein jobb med grovknusing, der me knuste 6 – 700 tonn prosessmetall.

For Stangeland Maskin AS er no Tommy og Elfinn i full sving på Statnett Austerheim.

Vetle har nå tatt permisjon og arbeider i skisenteret til over påske, Kjell avløyser han på Norsk Stein.

 

HMS

God sikt frå førarkabin i kjøretøy er viktig. Ein ting er at politiet gir bøter, men enda viktigare er det at god sikt kan redde liv! Ta  nokre minutt ekstra på å skrape ruter og tørke dei for dogg innvendig!

 

 

Trygve takkar til kollegaer, for blomster han fekk til sin 60 årsdag.

 

Gratulera med dagen til Geir Egil på søndag 11. Februar!

 

Ha ei god veke!