17/2/2017

BS-NYTT veke 7

Uvanleg februar-vær fører til god framgang i prosjekta våre.

God Framdrift i Tysse og på Vangsnes

I Tysse har me denne veka hatt størst aktivitet på røyrgata, men me er og i gong med førebuingar av betongarbeid ved inntak. Noko flåsprengning vart naudsynt for justering. Det vert og prefabrikert armering  til bunnfundamentet. 

For stasjonen er status at det no er klart for montering av jording og drensrøyr, samt spetiktank. Det skal og fyllas opp slik at terrengnivået er klart for mobilkran og innheising av genreator på 27 tonn!

På Vangsnes har me 4 stk engasjert med forskaling og armering av siste del av fundamentene til ringmurane. Biletet viser ein uvanleg værsituasjon i midten av februar!

På Eramet har meit eit par mann på etablering av lysmastfundament og oppstart med planering for steinlegging i Ovnshus 3.Me er også no engasjerte med to gravemaskinar med meir for Veidekke hjå Statnett på Austerheim.

Gratulerer til Aartun Transport med VA Fløgstadneset

 Aartun Transport vann anbodskonkurransen om VA Fløgstadneset for Sauda Kommune. Me gratulerer!

Diesel på Treaskjæret

Me er no oppe og går igjen med dieselpumpene for farga og blank diesel her hjå oss på Treaskjæret. Når det gjeld AdBlue er ikkje dette heilt klart enno.

 

Våre 10 største kundar og leverandørar i 2016

Kundar:                                            Leverandørar:

Småkraft AS                                                 Knapphus Energi AS

AF Gruppen Norge AS                                  SG Finans AS

Sauda Kommune                                         Cemex AS

Saudefaldene AS                                         Aartun Transport

Veidekke Entreprenør AS                            Sauda Rørhandel

Eramet Norway AS                                      Lars Gusdal Transport

AS Forskaling                                              NCC Industri AS

Dag Ole Stråbø                                           Gjendidige Forsikring ASA

Weldone AS                                                HB – Bygg AS

Vassbakk & Stol AS                                    Norsk Stål AS

 

HMS

Husk å bruke personlig verneutstyr som hjelm, vernesko, hanskar, vernebriller,støvmaske osv.

 Me gratulerer Bjarne med dagen på laurdag!

Ha ei god veke!