16/2/2018

BS Nytt veke 7

Det er fortsatt fullt vinter i distriktet, men her går det for fullt på fleire frontar!

Full vinter, men godt driv hjå oss!

For Statnett i Kvilldal har me fått støypt magerbetong og avlastningsplater på mykje av vegkryssing 2(sjå bilete under). 

I overvassgrøfta er det plassert og montert rørbenn i betong og  kum.

På Eramet har me denne veka støypt vegger i slaggrop og på «tennisbanen» i tillegg har me ferdigstilt platestøypen til slaggropene. Arbeida vil fortsetje med to skift nokre dagar neste veke til me er ferdige med oppdraget(bilete over).

Transformatorstasjon 1 for Saudefaldene går mot noko nedtrapping for vår del, men det pågår utskifting av vindauger. Og me flyttar nokre karar frå denne jobben, til arbeida i Kvilldal over helga.

Stangeland er svært nøgde med karane frå oss, og det me har hjelpt dei med av andre ting så langt. Det er mykje arbeid som skal gjerast for Statnett på Austerheim, og på måndag kom dei med ein god del utstyr for jobben sjøvegen.

.I Åbødalsvegen har med fortsatt drift, til tross for vinterhøva. Det er no bestilt legging av fjernvarmerøyr saman med resten av VA arbeida her. 

På Norsk Stein har me fortsatt Olav på avdekking og Kjell er god i gong med arbeida han overtok frå Vetle.

HMS

Ulykker med gravemaskiner å lese om i media denne veka. Ein som glei på glatt føre og velta i Kvinherad og dødsulykke på Sørlandet! Viktig å vera obs på glatt føre, og ikkje minst kommunikasjon med mannskap rundt maskin.

Det glatte føret er også viktig og være obs på som når ein går til fots. Fleire har hatt fall siste vekene med skader både hjå oss og hjå fleire av våre større kundar!

 

 

Gratulera med dagen til Terje Jekteberg i dag! Og til Bjarne Tveit  på søndag!

 

Ha ei god veke!