3/3/2017

BS-NYTT veke 9

Me har god framdrift i fleire pågåande prosjekt for tida, og genrelt høg aktivitet til å være på denne årstida.

God framdrift på mange frontar

I Tysse går det stadig framover med grøfta og me byrjar å sjå enden på denne no. Det var og ein milepæl at generator vart plassert i kraftstasjonen på tysdag. Det vert og utført grunnarbeid – reinsk og bolting, i tillegg til prefabrikering av armering til botnplata på dammen.

På Vangsnes er me no i gong med ringmurane for betongelementa som skal monterast.

 

På Eramet  vil me denne veka verte ferdige med steinlegging i Ovnshus 3 og i tillegg har me hatt noko mindre jobbar med sikring av lysmastfundament og oppstart med produksjon av 2 stk betongelement til MOR blåsestasjon.

For Veidekke på Statnett er fortsatt Elfinn på plass med gravemaskina. I tillegg er det stadig behov for lastebilar for levering, og vekk køyring av massar. Me er no på plass med eit par betongarbeiderar som er med på arbeida med ny brannvasstank.

 

Kommande oppdrag for Eramet

I veke 12 i Mars vert det planlagt ein del arbeid med oppgradering av gulv, nokre nye fundament og montering av 2 stk betongelement i MOR blåsestasjon. Dette vi gi hektisk aktivitet for oss i nokre døgn. Det er også planlagt ein større stans i veke 23, der me på førehand, i veke 22 skal oppgradera betongvegger til ny overhelling stasjon, dette vil bety ca ei veke med døgnskift på grunn og betongarbeidet.

 

Sjekklister i Proresult.

Det er no laga sjekklister som ein kan fylle ut direkte i proresult. Det er laga ei for gravearbeider, og me ønskjer at denne alltid blir fullt ut før ein set i gong med graving!

Også for betongarbeider er det laga nokre sjekklister. Du finn dei her:

HMS:

Det er viktig å huske på varslingsavstand 30m til straumlinjer, dersom me nærmar oss dei med arbeid, og spesielt maskinar!

 

Overtidsmat

Husk å skriv navnet på alle som får mat når dere handler mat, viktig pga skattereglene J!

 

Me gratulerer styreleiaren vår, Arne Haldorsen med dagen på tysdag i neste veke!

Ha ei god veke!