5/3/2018

BS Nytt Veke 9

I Kvilldal har me god framdrift, medan i åbødalsvegen har me stoppa arbeida for ein periode, på grunn av frost.

Kulda frå Sibir er krevjande, og gir oss utfordringar.

I Åbødalsvegen / Wergelandsvegen har me no stoppa arbeida med VA prosjektet for Sauda Kommune. Det er lite effektivt å drive desse arbeida i den kulda me no opplever. Me stoppar midlertidig og startar opp på kort varsel så snart vær tilhøva betrar seg.

 

I Kvilldal vart det støypt på onsdag, men dette vart krevjande. Me ser ein operatør har kledd seg etter været på bilete over. Med god innsats gjekk det greit også kvalitetsmessig, sjølv om gradestokken viste tosifra minustal. Me følgjer oppsett framdrift for prosjektet, men treng tida me som er satt for å fullføre.

 

For Stangeland på Statnett Austerheim har vi nå en ekstra gravemaskin som er i full gong med å ta i mot masser der dumperane tipper.

 

På Eramet har me klargjort for støyp av ein kum og ei plate til oppstilling av container for ny avrakar, men støyp må vente til temperaturen stik noko, i tillegg har me gjort nokre mindre arbeid på trappeplattform til omn 11.

 

På transformatorstasjon 1 til Saudefaldene har me denne veka vert med OneCo på diverse arbeid.

 Vinterlandskap på Berakvam og Norsk Stein og for tida. Olav har sendt eit bildete som me ser over.

 

 

 

 

HMS

I Kuldeperioden kjem det nokre tips frå forvaret her:

Me gratulere styrelederen vår Arne Haldorsen med 70 årsdagen på onsdag 7. mars!

Ha ei god veke!