29/6/2018

BS Nytt Vekke 26

Sommarferien er i gong . Me avviklar utstrekt ferie, noko drift vil gå, mest ferie siste halvdel juli/start aug.

På Finnflot har me fått støypt to seksjonar på damkrona også denne veka, så nå går det godt der! I tillegg blir det framleis montert frostveggselement.

På Støttemuren for Stangeland på Statnett er me godt i gong med armeringa til det siste fundamentet for muren. Og me vil i neste veke starta med forskalinga av sjølve veggen.

 

For Eramet har me gjort ein platestøyp og me har og hatt nokre mindre betongarbeider for privatfolk denne veka.

 

I Vatnedalen var Rune oppe og sprengte ut ca 600 – 700 m3 bergmassar i går, så også der går det på fram om dagen.

I Åbødalsvegen er Håkon Bjørndal på plass og legg kantstein. Me har og fått ordna nokre plenar med ferdigplen på rull.

 

HMS

Ferien står for døra, og det er nok på sin plass med eit avbrekk frå kvardagen ein gong i året. Gjer noko du set pris på som er avslappande, utfordrande, eller spanande. Her er det individuelt kva me set mest pris på. Gjer noko som passar deg J !

 

Johnny Frøystad takkar for merksemda i høve 60 årsdagen hans.

 

Gratulera med overstått til Atle som hadde dagen sin tysdag 26.06

 

 

 

Ha ei god veke!