29/9/2017

BS Nytt veke 39

Flytting til nye oppdrag og mot avslutning av andre

Denne veka har me flytta to maskinar til Svartavatnet. Den eine skal grave for vassmålsboring for AF og den andre skal gjere noko arbeid rundt kraftstasjon og på veg ned til Svartkulp for Saudefaldene. Neste veka reknar me med å få koma til massane nedstrøms som skal flyttas og arronderas. Det er store leveransar av betong til dam Svartavatn både i dag fredag og i morgon laurdag.

.

I Åbødalsvegen er me i gong med gravinga i VA prosjektet for Sauda KommuneOppe i grustaket på Birkeland har me fått blanda og produsert støypesand 0 -8mm og har fått fylt opp lageret av denne.

For Ryfylke Bygg på Elvatun har me planert ferdig for betongarbeida, som me er i gong med. Me har støypt ringmur og er no i gong med oppbygging av isolerte gulver.

På Finnflot vart det støypt på damplata også denne veka, og neste veke er det planlagt støyp både på plata og på pilarar.

I Slettedalen er me i gong med å utvida bruene på vegen innover for Saudefaldene.

På Gruvestien i Almannajuvet har me fortsatt god framgang.

I Tysse vert vegen opp mot inntaket no grusa.

På Eramet har me hatt diverse betongarbeid med platestøyp – søyleforsterking og skinne forlenging ved omn 11.

Ikkje vår tur på Hålandsosen Kai:

HMS

Dei fleste ulykker skjer gjerne der ein minst ventar dei. Ver difor årvaken på din arbeidsplass. Tenk over om publikum er godt sikra; kan dei koma for nære maskinar og bilar?

Me har også ei årstid då det trengs meir lys på arbeidsplassane – og ikkje minst må lys vera i orden på bilar og maskinar

 

Gratulera med dagen til Knut på måndag og Stian på tysdag!

 

Ha ei god veke!