2/12/2016

BS-NYTT veke 48

Også denne veka har me hatt god aktivitet, og gjengen på fira stk er komne i gong for Veidekke på Kårstø.

Det er fortsatt arbeid med forberedane arbeid på Folkets Hus, no kan også sjølve byggearbeida startas.

For Veidekke på Statnett er det no lagerbygget som skal etablerast. Me har vore der med gravemaskin, lastebil, og me leverer betong. Det er også framdrift på førebuingar til Finnflot. Rune og Knut monterte opp eigen produsert system forskaling for på-støyp av pilarane denne veka (Bilete under). Treverket med forskalingshud er anda ikkje montert på. Systemet ruver godt J. Montasjen gjekk greitt – og demontering enda raskare.

I Tysse er det fortsatt framgang med røyrgata, og snarlig oppstart av betongarbeida.

I Skipavåg avsluttar med truleg arbeida for statens vegvesen i dag. I Søndenålia har me støypt ein støttevegg for ny oppkjøring til bustad til Joakim Saltvik. På  Statnett Austerheim har me støypt fundament ST-B mast på baksida av kontorbygning, og skal montera masta neste veke.

I grustaket har me nytta det relativt milde været til full produksjon.

Me har også denne veka hatt leveranse av kulestein til Haugesund.

AKTUELT

Det vert meldt frå Småkraft at dei no ønskjer at me set full drift på betongarbeida for å vera klare med desse til jul. Teikningar vart sende i går, og resten skal me få neste torsdag.

På måndag i denne veka sendte med tilbod på rammeavtale for entreprenøtjenester til Sauda Kommune.

Middag på Kløver

Me set pris på mykje arbeid og ein god sesong, med middag på Kløver i kveld. Det ser ut til å bli cirka 30 glade medarbeidarar til middag. Vel møtt og vel unt! 

Ny dieseltankar – tomt for farga diesel framover!

Me har bestemt å skifte ut dieseltankane våre, då dei ikkje lenger er sertifisert. Det er no tomt for farga diesel, og me fyller ikkje opp att, før etter nye tankar er på plass, antakelig rundt juletider.

HMS

Ergonomi: Me nyttar mange timar på jobb, og gode arbeidsstillingar vil ha stor påverknad for ledd og musklar. For maskinkøyrarar og andre som sit mykje er; rak i ryggen, begge bena i golvet og jamlege turar opp og gå, god vane!

Ha ei god veke!