8/12/2016

BS-NYTT veke 49

Det vart mildvær og blautt denne veka. For oss er det greitt at snø og frost held seg unna,

men i Tysse vart det vel blautt no for røyrlegging, og me må bruke eit par dagar på anna arbeid på anlegget no. Me er og komne i gong med noko betongarbeid på stasjonen der ute.

På folkets hus, går det også stadig framover.

På Veidekke Austerheim, har me også vært denne veka, hovudsaklig med lastebil og hjullastar, medan planlagt støyping vart ustatt.

Hjå Leidulf Vikeså i Fattnes, har me levert sprutbetong til veggane i gjødselkjellaren på den gamle driftsbygningen. Han vil no bygge på og fornya for å auka på med sauedrifta.

 

AKTUELT

Bilete under frå verkstad, viser lærling Steffen Birkeland som er lærling i anleggsmekanikafarget, og Modestas Briaukus som er i praksis, til vanleg er Modestas elev ved Ølen Vidaregåande skule.

Permitteringsvarsel

Ingen akutt dramatikk i dette, men me gir ut generelt permitterings-varsel i neste veke, til alle ansatte, på same måte som i fjor. Etter nyttår veit me lite om været, og ein del arbeid og blant anna produksjon i grustak kan måtte stoppast, om det vert vintervær. Me har og noko for lite med arbeid, og usikker oppstart på nokre av prosjekta. Derfor må me sjå på mannskaps-kabalen og mogleg permitterringar. Dette er som kjend ei midlertidig sak, då me har god ordrereserve for sesongen.

 Sjukefråvær

Statistikken på sjukefråværet syner gode tall etter november. Hjå oss har ikkje dette vore den største utfordringa, men me ønskjer dette lågast mogleg. Og me har fokusert ein del på dette i det siste, og då ser me at det verkar J.

HMS, denne gongen frå bygg.no:

Ha ei god veke!