16/12/2016

BS-NYTT veke 50

Fortsatt har me mildt og fint vær for entreprenørarbeid. I Tysse støypte me forankringsplata på stasjonen måndag.

Elles er det stadig arbeid med røyrgata og grøfta. 

Og denne veka vart det mindre nedbørsmengder enn førre veke. Me driv og stadig med massetransport ut til Tysse både frå eige grustak og frå Norsk Stein. På måndag fekk me og løyve til å setje i gong riving på Vangsnes, og me har fått god effektivitet på dette. I går var asbest saneringsmannskap der og fekk tatt alt av dette. Også vindauga er handsama, og på måndag kan me setje i gong med riving med maskin. I grustaket har me og godt vær no, og held full produksjon av massar. Samtidig krev det stadig vedlikehald og me ser skifte av knuseplater på grovknusar på bilete under. 

Me har fortsatt våre 4 karar på Kårstø for Veidekke, og dei sender bilete ( førre side) via Proresult, som ser bra ut. På Eramet har me hatt diverse småjobbar – nytt kulpfundament – forlenging av skinnegang omn 11, og reparasjon av betongdekke på lager.

For Veidekke på Austerheim har me hatt større leveransar av betong for støyping også denne veka, og me ser at betongen har halde seg greit oppe i volum også no i haustmånadene:

AKTUELT

I Tysse vert det no prioritert betongarbeid nede på stasjonen att. Teikningane for dette er no endeleg klar. Og eit arbeidslag set i gong frå og med måndag av. Denne veka fekk me ny lastebil levert. Dette er ein «kamelon» som er mogleg å ha både betongtrommel og vanleg kasse på. Merket er også denne gongen Mercedes J.

Jula-avslutning

Me tek ei velfortent jula-avslutning neste fredag som er litle jul-aftan. Det vert servert smørbrød og kaker, kaffi og gløgg. Nissen må vel prioritere yngre generasjonar denne dagen, men ein veit aldri med den karen J!

Proresult

Denne veka vart det ein feil frå proresult der timane for maskin ikkje lenger automatisk blei føreslått like som manuelle timar. Dette er no retta opp, men det kan var greitt å være obs på at dette er to ulike felt som regulere timane for to ulike saker.

HMS

Det å halda seg tørr og varm handlar ikkje berre om forkjølelse og influensa. I seg sjølv er også kortare sjukeperiodar trasige for alle partar, ein tapt arbeidsdag kostar fort bedriften 2-3000 kroner – og fleire dagar tilsvarande meir (maksgrense på 16 dagar). Men langtidskonsekvensane er også ille ettersom det kan medføra plager i rygg og ledd (ergonomi). Dvs tenk på helsa, heile året, det vil gi trivsel!

Me gratulerer Olav med 25 år på måndag, og Alf Ottar med dagen på tysdag!

Ha ei god veke fram mot jul!