BS Nytt veke 19

Det held seg kaldt,men er greit arbeidvær!

På Fivelandselva kraft er jo nå gravemaskina til Elfinn også med, og me har hovudaktiviteten på grøfter. Me nærmar oss arbeida med elvekryssing og bend, men må gjere ein del forarbeider vidare oppover først.

På Storskjære har me hatt opparbeidelse av nokre hagar etter flaumskade. Ragnvald har vore der og laga plattingar, ordna plenar med meir.

 

På Fløgstadneset lagar me parkering for ein hytteiegedom.

På Norsk Stein har Håkon og Johnny  denne veka støypt i fortanningane på betongelementa me har levert der. Eiliv har overtatt etter Halvard på verkstaden, medan Kjell og Olav fortsatt er på graving.

 

For Dalekovod har Leif Kåre, Wojciech og Darius støypt 15 betonglodd. 

Gjermund og Nils Gunnar har denne veka revet forskaling og støypt fundamentfoten til landkaret på sentrumsida til Tangen gangbru.

 

På Tangen reinseanlegg har me fortsatt sluttarrondering og arbeid med kantstein (Håkon Bjørndal) og planting. Me syns det blir fint!

 

 

Det er ellers stor pågang etter asfaltering og mindre jobbar, og me har også ein del på lista frå i fjor av slike.

 

Me har diverre tapt eit par større anbodskonkurransar siste veka, så konkurransen er fortsatt beintøff!

Nokre av våre større kundar har heldigvis prosjekter på gang som me håpar å være konkurransedyktige på!

 

I grustaket har me god produksjon - her frå øvre plan.

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.