BS Nytt veke 12

Uvissa pregar kvardagen også for oss nå, med Corona spøkelset som truar, men me har fortsatt vore lite råka driftsmessig

På Fivelandselva kraftverk har me denne veka forskalt dekke over utløpskanal, og starta med å skape mellomdekke. I andre enden har me fått kryssa elva og borer og sprenger oss vidare. Også røyrlegginga skrider stadig framover.

 

På Norsk Stein har Ole Magnus vore mekanikar denne veka, medan Olav og Kjell stadig driv diverse gravearbeider. Johhny og Leif Kåre har starta førebuingar til montering av betongelement under siloane på sikteanlegget, og så har dei klargjort nokre platestøypar.

 

Gjermund og Nils Gunnar har hatt noko arbeid for Statnett, og så har dei starta med fjerning av betongdekke, og utstyr i kum for etblering av ny vasskum, og støttemur, i Hagevegen for Sauda Kommune.

 

På Espeland er Elfinn nå kommen ned att til bustadane der, og ordnar til rundt vegar og grøfter med meir.

 

Frå grustaket vert det altså etter påske eksport av KABELSAND 0-4.  Til arbeida BG Suldal har for Statnetts NSL prosjekt i Kvilldal

 

Corona tiltak hjå oss:

 

Meld frå dersom du må i karantene, mistenker sjukdom/smitte, eller har vore på reise!

 

I kvardagen er det viktigå følgje myndighetene sine oppmodingar om smittevern for den einskilde. Ha god handhygiene og unngå nærkontakt med andre. For oss er det eit særskild poeng i matpause !

 

Ferielister – Før deg på!

Me har no hengt opp ferielister og det er fint om den enkelte fører på ferieønsker, eller legg det inn i Proresult. Me samkøyrer listene.

Det oppmodas generelt til å leggja ferien til fellesferien – tre siste veker i Juli.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.