BS Nytt veke 10

Dalekovod er i gong og me hjelper dei med brøyting, transport og gravemaskin. Også anna arbeid kjem i gong no.

På Tangen er det no full klargjering for betongarbeid, med avretting og komprimering, men og noko røyrleggjararbeid og detaljplasseringar av dette. Gjemund og Nils Gunnar har rigga klart, og me kjem i gong med betongarbeid over helga.

Dei har og vore litt i arbeid for Veidekke på Statnett der dei har lagt ut jord og klargjort for plen.

 

Leif Kåre og Johnny har hatt nokre mindre jobbar for Eramet og hjå nokre småkundar ellers. Dei har og vore på Norsk Stein og klargjort for sprøytebetong over nokre kabel trasear. Bjørn Andre, Daniel og Håvard har rigga og klargjort for reinskearbeida av siloane på det gamle finknuseverket der ute, men det har blitt litt venting undervegs, og Daniel og Håvard har dermed blitt «kapra» inn til vedlikehaldsarbeid. Dette resulterte i bestilling av to nye til arbeida med siloane på finknuseverket, og Øyvind og Tor Helge blir med på dette frå neste veke.

Arbeida med nybygg av det gamle finkunseverket blir litt utsatt, men kan bli satt i gong rundt påsketider.

 

Wojchiech og Darius har fjerna nokre gamle betongvegger og klargjort for muring og stålarbeid på bakeritomta. I tillegg har dei støypt terassefundament på leilighetane til Ryfylke Bygg på Åbø.

Geir Egil og Håkon er fortsatt utleigde til Ryfylke Bygg og har no eit prosjekt hjå Asbjørn Birkeland.

Dalekovod er komne med ein del mannskap og er i full gong med tilrigging og klargjering for arbeida med den nye linja til Statnett. Me har brøyta opp vegen til Vatnedal, og held denne no brøyta og strødd etter behov.

Tommy har vore engasjert med gravemaskin og Arnt Øystein med hjullastar.

Me har også hjelpt med lastebiltransport med eigna sekshjulstrekkar med kjetting. Alt har gått bra og over helga skal me prøva oss med gravemaskin til mastefundament på snøføre.

Over helga vil Arnt Øystein vende attende til arbeida med hyttevegen i Dalavik. Han vil og har med seg Terje med lastebil for å transportere naudsynte massar.

For Brødrene Thorkildsen for Statnett er Bjørn Tore og Rune no i gong med boring og sprenging av eit par grøfter i fjell inne på Austerheim.

Kvinnedagen:

Sidan det er kvinnedagen i dag, vil me takke våre kvinnelige kollegaer og understreke at me set pris på å arbeida saman med dykk. Det er eit trivselaspekt at med har damer med i vårt fortsatt mannsdominerte yrke! Gratulera med dagen!

 

Gratulera med dagen til Daniel tysdag 12. Mars!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.