Norsk Stein vart svært nøgde med betongarbeida som hasta slik før påske! Denne veka var det planlgt Johnny og Håkon skulle montera betongelementa under siloane på finsikteanlegget, men dette vart endra grunna andre prioriterte oppgåver i området. Me har rive forskaling og rydda etter oss på fundamentet til støttevgger, og me har klargjort for støyp av betongplate til prøvetaking, også har me hatt diverse ryddeoppdrag under siloane. Hallvard har vore på verkstad der ute, og Olav og Kjell fortsatt på diverse gravearbeid.
På Fivelandselva kraftverk held Wojciech og Darius på med forskaling og armering på vegger over mellomdekke.
Tommy, Arnt Øystein og Tormod legg røyr, og Bjørn Tore, Håvard og Vetle borer,sprenger og grev ut grøftetraseen i front.
I Hagevegen er har Stian med hjul-maskina etablert ein ny kum på arbeida me har for Sauda Kommune der denne veka. Det nærmar seg at me kan starte med betongarbeid der og snart.
På skogsvegane på Espeland har Elfinn fortsatt arbeid med gravemaskinen.
Gjermund og Nils Gunnar er på Tangen bru og klargjer for støyping av fundamenter. Weldone skal levere innstøypingplater som me treng før me kan ferdigstille og støypa fundamenta på Tangen. På det eine bilete over ser me pensjonert kollega Tor Helge på "inspeksjon", og Ove Ness Øye frå Varicon, i faglig drøs med Nils Gunnar.
I grustaket grovknuser Ole Magnus for fullt, Leif Harald finknuser veigrus 0-16mm, Bærelagsgrus 0 –32mm og Pukk 16 – 32mm i tillegg produserer me kabelsand 0 – 4mm.
Dekkskift:
Det er tida for å skifte til sommardekk att - sjølv om føret der ein skal ferdas sjølvsagt er det viktigaste! Den formelle fristen er visst satt til 1. Mai i år. Men ingen grunn til å vente om ein held seg i låglandet!
Gratulera med dagen til Bodil på tysdag 21. april! Og til Wojciech torsdag 23. april!
Ha ei god veke!