BS Nytt veke 17

Me har nytta det gode været til god framdrift i våre oppdrag!

På Fivelandselva kraftverk går det for fullt i godværet, me har fått støypt 4.etappe på kraftstasjonen. Og rørlegging og grøftesprenging går også med «bånn gass»!

Wojciech og Darius har starta på arbeid med oppretting av kantstein på Esso, etter at støypen på kraftstasjonen var gjort.

 

I Hagevegen har me fått satt ned ny kum, men har litt klargjering igjen før me kan starta på forstøtningsmuren.

På Berakvam har Håkon og Johnny gjort diverse betongarbeid for Norsk Stein ( Me ser Johnny i aksjon på bileta over), i tillegg har dei hatt arbeider for Roxel på finsikteanlegget. Olav og Kjell er fortsatt i full drift med graving og Hallvard er vår representant på verksted.

På skogsvegane på Espeland hadde me overlevering i går, og fekk samstemt tilbakemelding på at det var laga eit flott veganlegg!

 

På Fløgstaddneset 22 er me i gong med å opparbeide ein biloppsttillingsplass.

 

Gjermund og Nils Gunnar er på Tangen bru, og har denne veka ferdigstilt armering og montert innstøypningsplater på 3 stk fundamenter.

På kaien i Saudasjøen har Eiliv og Bernt Egil klargjort for gjerde og asfaltering.

HMS

Dekkskifte til sommardekke vart nemnd i førre veke, og vart høgaktuelt i det varme været. Nå må det være heilt unntaksvis, og med god forklaring, at dekk ikkje er bytta!

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.