BS Nytt veke 19

Me har stadig mykje variert arbeid i det kalde maiværet. Nytt arbeid kjem det og til.

Me har hatt kaldt vær og også nedbør no,men det ser betre ut fram mot 17. Mai. For oss har får me stadig nye oppdrag,og nokre større prosjekt nærmar seg stadig full avklaring.

 

For Reinseanlegget på Tangen har me denne veka vore noko redusert bemanning på grunn av kurs og litt ferie, men det har passa bra for prosjekteringa av innfesting av veggelementer – hulldekker har pågått samtidig. Dette er no avklart før me legg overkant armering og klargjer for støyp av dekke neste veke.

 

På Norsk Stein er me veldig spente på omme får koma i gong over helga med betongarbeid for rehabilitering av finverk 100. Fortsatt har me Olav og Kjell der med gravemaskinar, og Håvard og Daniel på vedlikehald.

 

Inne på Statnett Austerheim er Gjermund og Nils Gunnar i gong med nokre innvendige kabelkulvertar i administrasjonsbygget.Det er mykje betong som må meislast bort, og dei har hatt hjelp av minigravar og Bernt Egil som sjåfør, over helga vil Øyvind og trø til på denne jobben.

 

 

Wojchiech og Darius har denne veka støypt ringmurar og golv til garasjar til Almenningen i Hellandsbygd og Roalkvam Nes på Brekke. Dei har og hatt diverse mindre jobbar hjå kunder i tillegg.

 

Elfinn er no på arbeid for Saudefaldene med ein tilkomst ved røyrgata på vegen til Hellandsbygd.

 

Bjørn Tore er i gong med utgraving, boring og sprenging for hyttetomt til Lene Olsen Håheimsnes og Kjetil Håheimsnes i Åbødalen / Nip.

 

Vetle, driv for fullt i bustadtomta i Trosavikåsen og Gunstein fekk litt stopp på grøft med fjernvarme og vil nok avløyse Vetle noko framover.

 

Ta sjansen

Under årets Saudadagane skal det avholdes Ta sjansen konkurranse i Andedammen. Me vart utfordra til å melde oss på og dette tok Kjell og Olav på strak arm. Me andre for sørgje for å vise att som gode supportere og heiagjeng!

 

 

HMSEramet:

Eramet kalla inn til HMS møte med følgande tema:

 

1.     Ta 5 – for sikkerhets skyld!

2.     Knivforbud.

 

Ta 5 handlar om å ta seg «5 minutt» for å fylle ut eit 5 punkts enkelt skjema, før ein startar på ein jobb, eller dersom det er endringar, eller behov for ein slik førebuande sikkerheitsjekk. Dette erstattar ikkje SJA, men er eit ekstra tiltak for å hindre skader og uønska hendingar.

Hugs å lever ein «Ta 5»ein gong per dagved arbeid hjå Eramet!

 

Knivforbodet kjem som følgje av skader ved bruk av kniv. Ved behov kan ein søke om å få lov å bruke kniv, men dette skal risikovurderast og risikoreduserande tiltak, som type kniv vil være ein føresetnad for at dette vert godkjend.

 

Dokumenta om begge sakene vert lagt ut i Proresult. Blokker med «Ta 5»får ein på Eramet.

 

Begge tema vert gjeldande for all innleie i frå 15. Mai!

 

Gratulera med dagen til Halvard i dag!

 

Gratulera til Pinja og Vetle med ein liten gut!

 

 

Ha ei god veke.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.