Då er med endeleg i gong med førebuingar for betongarbeid for finverk 100 for Roxel Energy på Norsk Stein. Me er der ute med ein god gjeng for dette.
På Vedlikehaldsavdelinga har me gjort ein ny avtale for juni månad for Daniel og Håvard.
Olav og Kjell er fortsatt stadig i drift på diverse gravearbeider.
I ettermiddag stiller dei sporty opp for oss i Ta sjansen arrangementet i Andedammen. Kl. 17.00, me oppmodar medarbeidarar som har høve og lyst til å stille som heiagjeng ( trengst og eit par mann til å hjelpe å løfte farkosten over på bokken)!
Fartøyet illustrerer ein Mercedes lastebil i kjente Brødrene Selvik fargar og stil, dei har bygd den på kveldstid på lageret på Birkeland. Lukka til, det vert spanande å sjå korleis det går, eventuell premie går til Sauda Røde Kors!
På Reinseanlegget på Tangen har Ølen Betong denne veka montert vegg- og dekke element. I etterkant av dette vil det igjen verte arbeid for oss sjølve der.
For Dalekovod vart det litt stopp pga av vær, men me er fortsatt engasjerte for fullt med 3 gravemaskinar i fjellheimen. Det er og stadige leveransar av betong både til Suldal og her i Sauda / Tengesdal.
På Statnett er Gjermund og Nils Gunnar stadig i drift med diverse arbeider for BRG, Statnett og Veidekke.
I Svandalen er Elfinn no så godt som i mål med arbeida med hyttetomter og sluttføringar i Haugane 3. Han vil no flytte seg til Austarheim der det blir nokre oppdrag for Statnett og Brødrene Thorkildsen.
På hyttetomt til Lene Olsen Håheimsnes og Kjetil Håheimsnes i Åbødalen er Bjørn Tore i ferd med å gjere seg ferdig.
Wojciech og Darius tar over med betongarbeid. Dei har vore engasjerte med støyp på hyttetomta til Eirik D Fattnes denne veka.
Geir Egil og Håkon er no tilbake og har gjort betongarbeid på kum for Sauda Fjernvarme i Birkelunden.
I bustadtomta i Trosavikåsen er me også i framgang med blant anna VA grøft og veg.
Sommarferie? Legg ditt ønske inn i Proresult og / eller oversikt på dør verkstad/garderobe.
Humor i Kvardagen:
Lars som er eit år eldre enn Geir tar kontorstolen, må Geir finne seg pinnastol!
Me vonar trivsel og kvardagshumor gir auka effektivitet og ikkje motsatt!
Even på blandeverksbesøk
Even fekk seg ein ønska dag på blandeverket, og fekk oppleva betonglevering og blanding, trivelig og kjekt både for han og oss!
HMS- Samordning :
Ved arbeider der fleire aktørar / firma har samtidige aktiviteter i eit prosjekt er det viktig med organisering og samordning. Og at at ein av aktørane tek samordningsansvar! For oss er dette aktuelt både for Roxel på Norsk Stein, der dei har ansvaret. Og for oss sjølve på Tangen, der me foreløpig har samordningsansvar.
Vetle takkar for blom dei fekk når litleguten Levi kom til verda!
Gratulera til Gjermund med dagen i morgon!
Ha ei fin helg på Saudadagar!