BS Nytt veke 3

Meir vinter no, men me kryssar fingrane for oppstart av nye prosjekt neste veke

Det vart meir vinterleg vær denne veka, og me har fortsatt noko mindre arbeid, men me anar litt lysning no, og ventar i beste fall oppstart på Reinseanlegget på Tangen, og på Bakeriet i sentrum over helga.

 

For Veidekke på Statnett Austerheim har Gjermund  og Nils Gunnar denne veka støypt den eine sikringsveggen bak muffesjaktene, og er no i gong med bolting for den andre veggen.

 

Geir Egil og Håkon er fortsatt uteligde til Ryfylke Bygg og har no starta med eit påbygg til hus hjå Kanestrøm på Gunnarsmoen.

 

Leif Kåre og Johnny har montert takplater og planert rundt dei nye tak-reolane på lager Birkeland, og i tillegg har dei starta med rydding og plassering av materiell i lagerbygget.

 

Me har hatt eit par mindre gravejobbar for rehabilitering av eksisterande kloakk, ein for Atle Stålesen på Brekke, og ein for nokre bustadar på Espeland.

 

Bjørn Tore er no i Vanvik for å gjere noko bore og sprengearbeid for Gunstein der. Han er no i gong med boring og sprenging for bustadtomta til Erling Vanvik som får seg ein fin plass med utsikt til fjorden i begge retningar.

 

I Grustaket køyrer me fortsatt med produksjon og vedlikehald.

 

HMS- YSK Kurs.

Lars Gusdal og Olav og Rolf frå oss, har vore på YSK kurs i Sandeid denne veka. Som del av kurset er det blant anna førstehjelp som viser på bilete over. Hugs at dette førstehjelpskurset er godkjent i diverse samanhengar, blant anna som eit delkrav for tilgangs-kort til Statnett.

 

Gratulera med dagen til Rolf i morgon, og til Vetle på søndag. Og til Dag Magne som har dagen sin på onsdag 23. januar.

 

Ha ei god veke!

 

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.