No er det kun prosjektet støttemur for Stangeland på Statnett Austerheim som har feriepause, ellers er me no i gong både med veg Vatndalen og Saudapakken for Statnett i tillegg til alle dei andre oppdraga me har denne sesongen.
På Finnflot er det fortsatt god gang og siste støyp på damplata vert i neste veke. Etterpå skal det monterast rekkverk som snart skal være ferdig galvanisert, og så er det nedrigging og opprydding. Det skal jo og ryddast og arronderast noko med maskinarbeid der.
Det er også bestilt rehabilitering av to pilarar innvendig som er ein tilleggsjobb.
I Vatndalen er Elfinn denne veka komen i gong med vegbygging att etter ferien, me har og fått kvista litt av den hogde skogen for veglinja.
På prosjektet Saudapakken for Statnett har Olav kome godt i veg med riggplassen som skal lagast i Raundalen.
I Wergelandsvegen er det fullt trøkk på VA arbeida for Sauda Kommune, store deler av vegen opp mot Sauda VGS er gravd opp, og røyra som skal skiftast ut er avdekka.
I Svandal er Vetle fortsatt i full drift med Hyttefeltet Haugane III. Han har hjelp frå Sauda Rørhandel med legging av røyr.
Økonomi:
Etter eit svakt fjorårsresultat har me no hatt positiv utvikling både på omsetnad og resultat for første halvår i år.
Så får me håpa at andre halvår også blir bra, først og fremst må me skaffe noko meir betongarbeid på kort sikt.
HMS :
Tragisk nyhet om dødsfall hjå våre venner på Norsk Stein i går kveld. Ei påminning om at HMS arbeidet er svært viktig!
Frå Suldalsposten:
Gratulera til Gunstein som har dagen sin på måndag!
Gratulera med dagen til Margrete på tysdag i neste veke.
Margrete trivs i Varicon as, og driv med både stikningsoppgaver og tegning. Med sin utdannelse som interiørarkitekt er det no godt å få praktisera meir også i den retning.
Ha ei god veke!