BS Nytt Veke 37

Det vart ei blaut veke, men me kjører på likevel

På prosjektet med støttemur til Stangeland har Leif Kåre, Tor Helge og Woitek  denne veka avslutta arbeida, og i tillegg hatt nokre mindre jobbar for diverse kundar.

 

På Finnflot har  Gjermund , Nils Gunnar, Darius , Knut og Alf Ottar montert dører – leider, og noe rekkverk, og forskalt og støpt nytt fundament til vær-stasjon.

  

På Svartavatn har no Bjørn Andre gjort seg ferdig, Han flyttar seg til Finnflot i dag, og startar opp der over helga. Vassmålehuset som vart montert blei bra, og Jan Erik og Geir Egil ordna med ringmur og gulv til dette vesle huset som kom ferdig produsert.

 

På grøfta til Ramnafjell er me komne godt i veg frå Djuvsbotn Øyvind har nå gravd 1050 m (torsdag) og frå toppen fekk emi går åpna  150 m grøft opptil mast.  Til saman er det 1900 meter grøft, og Øyvind kan ta eit par hundre meter til med gravemaskin.

 

I Wergelandsvegen er det fortsatt full fres med VA og fjernvarme, men det dukkar stadig opp ting som bør være med når jobben først blir gjort.

 

På Hyttefelt Haugane 3 i Svandal, fortset arbeida med VA og veg og det er ein god artikkel om feltet i dagens Ryfylke.

 

Det ferdigstilte av vegen i Vattendalen ser veldig bra ut. Nå har me forsert den største fjellskjæringa og nærmar oss eit større massetak for vidare vegbygging.

 

I Slettedalen har det vore utfordrande med store vassmengder under bruene der, men til tross for dette har Atle, Johnny og Håkon fått støypt dekke på bru nr 4 denne veka.

 

Mangel på betongarbeid!

Me står diverre no i ein situasjon med mangel på betongarbeid. På maskinsida har me det fortsatt travelt,men betongarbeid har me rett og slett akutt mangel på – så om nokon vil ordne seg noko i betong er det bare å ta kontakt for tilbod!

 

Gratulera med dagen til Kjell på tysdag i neste veke

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.