BS Nytt veke 38

Arbeid innan betong og grunnarbeid pågår for fullt i mange ulike prosjekt.

Onsdag vart det som planlagt støyp av betongpropp ved tappeluka frå Svartavatn. Det gjekk bra både med støyping og betongtransport. Det gjekk med  57m3 betong til dette.

Idag starter RS Stillas arbeidet med å bygga stillas og tak over arbeidsstaden. Og etter det skal me i gong med å støypa golv og bygga av nytt lukehus

 

Dalekovod er i gong att og Vetle og Bernt Egil er engasjerte med gravemaskinar. I tillegg vert det levert litt massar og betong. På Bilete over ser me Vetle i drift.

Vegbygging for Fivelandselva kraftverk går for fullt, og me er i løpet av dagen framme ved elvekryssinga. Det passer veldig bra med værutsikter for neste veke, og me har forberedt ei rask og effektiv elvekryssing når elva går ned.

 

Leif Kåre – Tor Helge og Ragnvald har denne veka forskalt og armert og støypt botn-fundamenter til beltetransportørar fpr Roxel Energy på Norsk Stein.

 

På bruene i Slettedalen har Nils Gunnar og Johnny ferdigstilt og avslutta arbeida og i tillegg vore på diverse andre jobbar denne veka. Dei fekk Napoleonskake frå Johan Hauge i Saudefaldene som ekstra påskjønning for vel utfør arbeid. Dette ser me dei sette pris på!

 

 

Wojciech og Darius har denne veka støypt ringmur og terassefundamenter til påbygg på hytta til Oscar Coll i Nordstøldalen.

 

Gjermund har ferdigstilt og levert fundamentene til Veidekke  sitt prosjekt  for Statnett sitt anlegg i Saurdal og i tillegg vore med på planering og komprimering rundt bygget på Tangen Renseanlegg. på bilete over er det Stian som handterer vibroplate for komprimering av massane.

 

I Grustaket vert det produsert tilslag for lager til haust og vinter.

 

Ved vakta hjå Eramet er me fortsatt på gang med prosjektet for Sauda Fjernvarme

Open dag på Norsk Stein:

Me stiller med stand på Norsk Stein sin open dag i morgon. Det vert utstilling av den eine gravemaskina me har der. Og me vil forklare og fortelje om diverse oppdrag me har og har hatt for Norsk Stein, men også litt om kva me driv med ellers innan betong, betongarbeid og grunnarbeid, verkstad grustak osv. Kom innom om du er på open dag hjå eit av verdas største pukkverk!

 

 

HMS - kommunikasjon

Ein viktig del av HMS arbeidet er kommunikasjon. Dette er eit ord med vid tyding, men handlar om at eit bodskap skal formidlast frå ein sendar til ein mottakar. Undervegs kan det være ulike moment som påverkar, og formuleringar både skrivne og munnlege kan væra meir, eller mindre tydelege.

Eit tips for å sikre at ting er oppfatta som det var tenkt, er å følgje opp med nokre spørsmål for å sikre sams oppfatning av ei sak.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.