BS Nytt veke 39

Ei veke med fint vær var midt i blinken no for prosjekta våre både innan betong- graving og grunnarbeid generelt!

På vegen til Fivelandselva kraftverk fekk me støypt vadet over Tverrelva i går. Me hadde svært låg og gunstig vassføring i elva. Det har også blitt skoga vidare i traséen,og me vil i neste veke komme innover mot stasjonstomta.

 

På Norsk Stein har me no fått teikningar for nokre store veggelement som skal pre- fabrikkerast her heima.

Open dag- arrangementet vart svært vel-lukka med fint vær og mykje folk!

Kjell og Olav er stadig i aktivitet med diverse gravearbeider der ute. Til veka er det også tinga noko sprøytebetong.

Kabelgrøfta for Saudefaldene som Elfinn har ordna er no klar til trekking av kabel. Dette vert me og med på saman med BKK Enotek og Saudefaldene sjølv.

På Tangen Reinseanlegg går det no i inntillfylling og diverse arbeider utandørs. Det vert klargjort for trapp, og Håkon Bjørndalen er i gong med natursteinsmur.

 

På Svartkulp er betongarbeida med forskalingog armering av fundament for lukehus no godt igong.

 

Vetle har denne veka utført grøftereinsk og generelt vedlikehald av Svortetjønns-vegen for Statnett. I neste veke vert han med på vegen til Fivelandselva Kraftverk med å lage stikkrenner.

For betongavdelingen er det ellers det mange ulike diverse mindre arbeider, blant anna garasje til Kirsten Indreland, steinlegging for John Oxaal og ein heil del anna!

For tida har me faktisk godt med forespørslar og høg aktivitet på anbodsrekning!

 

Personalmøte

Me tek eit Personalmøte måndag kl. 19.30. me må gi informasjon om stoda og ta nokre viktige og naudsynte diskusjonar.

Vel Møtt!

 

Gratulera med dagen til Håvard som var på søndag 22/9!

6  ganger 10 hurra til Knut Hugdal som har rundt tal på onsdag 2. oktober!!

Og gratulera også til Stian Fløgstad som har dagen sin torsdag 3. oktober.

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.