BS Nytt veke 42

Det går mot vinter og er travelt med fristar og ting som skal var i mål før vinteren.

For vegen i Vatndal har Statnett gitt oss to veker ekstra for ferdigstilling i forhold til opprinneleg frist som var 1. november. Dette er på grunn av diverse forhold som har oppstått, og at det først er til vinteren (mars) vegen skal takast i bruk. Me held uansett fullt trøkk vidare og har no berre ca 100 meter att av grovopparbeidelsen, i tillegg har me og endeoppstillingsplassane. I Går vart det sprengt ei stor salve på nær 1500m3,og desse massane vil gi effektiv vegbyggjing på resten. Me må ta enda ei slik salve for å opna heile riggplassen, og når det er gjort er me ferdige med det som er av sprenging. Stikkrenner og oppussing, og grusing følgjer «tett bak»,og me får gode tilbakmeldingar på det som er gjort.

På Ramnafjell vart resten av kabelen støypt inn denne veka, og me har bare litt attfylling igjen i øvre del. Trafoen kjem først i månadsskifte november /desember, og me må ta de isiste arbeida då. Kabelen er no komplett og testa, og alt er klart til å takast i bruk.

 

 

I Slettedalen Har me denne veka støypt føringskantar og diverse fundamenter til brua ved Indrejordet, dette blir den siste brua me utvidar denne sesongen for Saudefaldene.

 

For Ryfylke Bygg har Geir Egil og Håkon vore engasjerte med arbeid med tak på varmestova på Minnehaugen.

 

På Statnett Austerheim er Gjermund og Nils Gunnar med Veidekke på diverse betongarbeid,. I tillegg er Bernt Egil Åbø med på gravearbeider.

 

I Åbødalsvegen er det innspurt for klargjering til asfaltering. Også mannskap frå avdeling bygg og betong er med her no. Asfaltering vert veke 44, ein del granittkantstein med vassrenner i storgatestein skal setjast i krysset og Wergelandsvegen først.

 For Ryfylke Bygg er me godt i gong med grunnarbeida for leilighetene på Åbø.

Travle tider og god innsats!

 

Me har innspurt på fleire av våre prosjekt no, og har og krevjande betonglevereingar til Førrebotn og Sandsa blant anna. Det vert ein del overtid og ekstra innsats for å komma i mål til tidsfristar og før vinteren rundt om, og det merkes at ein står på over heile linja no.

 

Godt Jobba til heile gjengen!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.