På Ramnafjell vart siste del av grøfta igjenfylt denne veka, og riggområdet rydda. Sidan trafo først vert leveret om ein månad, vil det var ein usikkerhet mht muligheit og tidspunkt for driftssetting av den nye kabelen. Noko inntilfylling og gjenfylling av lågspentgrøft på toppen må gjerast etter all installasjon.
I Vattendalen er det fortsatt litt sprenging på riggområdet, men me har nå fylt ut øvrige vegar og plassar. Vinteren pustar oss absolutt i nakken nå, men ettersom vegar er plannert, og det meste grusa, menier me å ha tilstrekkelig kontroll på leveransen. Dalekovod skal inn i området i mars måned og må ha vegen klar!
I Svandal er no betongarbeida på hyttetomta til Jo Eide godt i gong, men det har blitt litt venting på røyrleggjar før vidare framdrift.
I Slettedalen har me denne veka avslutta arbeida med utviding av bruer for Saudefaldene på grunn av vinterforhold, men me har i tillegg fått noko arbeid med flomsikring av bekk og fundamentering for eit lagerbygg i Hellandsbygg.
For Veidekke på Statnett Austerheim har me denne veka støypt skjermvegg for hydrant og er i gong med ein støttemur bak muffesjaktene. Veidekke har og bestillt sikring av fjellsida inklusiv sprutbetong bak muffesjakter, for sikring av jobben vil me nytte RS– Stillas, og dei er no i gong med kursing for oppdrag inne på området.
I Åbødalsvegen er det fortsatt innspurt for klargjering av asfaltering som vil skje neste veke. Også denne veka har mannskap frå avdeling bygg og betong vore med her.
I Maldal støyper me i dag for ei hytte som Byggmeister Sonde Birkeland set opp (noko dårleg kvalitet på bilete over). Det er moderne og framtidsretta løysing med telt over nybygg!
Synfaring og anbodsrekning på Renseanlegg Tangen for Sauda Kommune.
Det er nå full gong på anbudsrekning for reinseanlegg på Tangen for Sauda Kommune. Anlegget skal om alt går etterplanen var i gong i løpet av neste år, grunn og betongarbeid må utførast i løpet av vinteren.
Bygget er ca 15 x 27 m og i to etasjar.
HMS
Me kjenner all godt til faren med bilkøyring, og vinterstid er denne jamvel enda større. Hos oss har me monge bilar og mykje køyring, og det minner om at den enkelte må køyre forskriftsmessig og aktpågivande - også til og frå arbeid. Dette handler om eigen og andres sikkerhet. Heldigvis har me ein positiv statistikk hjå oss m.t.p uhell, og me har valgt å være eigenassurandør på våre bilar.
Gratuelera med dagen til Adam måndag 29. oktober!
Ha ei god veke!