Endeleg er me no i gong med asfaltering i Åbødalsvegen og Wergelandsvegen. Monge har nok venta og lengta etter dette ei stund! Mykje er allereie asfaltert, men arbeida må nok fortsetje litt i neste veke og, før me er heilt i mål.
I Vatndalen er det arbeider med riggplass og inn mot enden av vegen for å fullføre denne, også grusing er vi på god veg med nå, og det er gunstige vær-tilhøve no til å få fullført vegen på ein god måte.
På hyttefeltet Haugan 3 i Svandal går det og mot innspurt, me fekk mykje grus på plass og grøfter og vegar kan no fullførast. Me ser ex-grunneigar og senior rådgjevar for byggherren, Øyvind Djuv, inspiserer arbeida grundig!
I Hyttetomta til Jo Eide er no isolasjon i gulvet på plass, og det nærmar seg støyping av dette.
For Saudefaldene har me også denne veka jobba med betognarbeid for eit lagerbygg i Hellandsbygg.
For Veidekke på Statnett Austerheim driv Gjermund og Nils Gunnar stadig med arbeid som står att før alt er fullført og godkjent.
På Norsk Stein er no Olav attende etter nokre månader i heimbygda. Han har vore engasjert med ei kabelgrøft for framføring av straum til det mobile knuseutstyret som er etablert, etter brannen som skada det gamle finkuseverket, i sommar.
Kjell er sjølvsagt også«still going strong» med reinsk og diverse gravearbeid.
Over helga vil me og ha nokre betongarbeiderar til stades, for nokre ymse betongarbeid.
Vann anbod på rivings- og betongarbeid Statsjon 1 i Hellandsbygd
Me vann dette anbodet for Sauda Kommune , der avgjerda på om det skal realiserast vert tatt i neste veke.Uansett kjekt å vinne anbod!
Varme arbeider kurs:
Sauda v.g.s inviterer til kurs i varmearbeider 12, eller 13. desember. Om du treng fornying av dette ta kontakt – så melder me på dei som er aktuelle.
HMS
Me nemnde trafikk og køyring førre gong, og i samanheng med dette minner me om å sjekke teknisk stand på kjøretøy og at ein melder frå, eller ordnar opp om noko ikkje er som det skal på kjøretøyet ein fører.
Gratuelera med dagen til Tor Helge Bø i morgon Laurdag 3. November!
Ha ei god veke!