BS Nytt veke 44

Det går mykje i å fullføre prosjekt før vinteren om dagen.

På Svartkulp har Geir Egil, Håkon og Johnny denne veka klargjort og støypt dekke på lukehuset.

 

Leif Kåre og Tor Helge har forskalt og armert rundt betongelementa for avstivning til siloar, og dei har støypt fundament og søyler til omlastehuset for Roxel på finverk 100 på Norsk Stein.

 

På Tangen reinseanlegg har Gjermund og Gunstein og Wojchiech klargjort for gatevarme og asfaltering, i tillegg har dei støypt plater framfor containerrom og trapper.

 

På Vegen til Fivelandselva kraft har Bjørn Tore og Tommy fortsatt framdrifta også denne veka.

 

Elfinn har no flytta seg til Espeland og arbeida med skogsveg der

 

For Dalekovod er det kun Bernt Egil som har vore i drift denne veka, men i tillegg har me levert litt betong og massar.

Stangeland er i full gong med kraftverk i Svandal og me har levert noko massar til dei. Dei har og ein tøff lastebil sjølv som dei har henta massar med i grustaket.

 

For Sauda Fjernvarm er det fortsatt god framdrift på arbeida med grøfta inne på Eramet sine områder.

 

Darius og Nils Gunnar har denne veka klargjort og støypt vegg på snuplass pit 2 på Eramet, og i tillegg vore med på ein platestøyp i packing.

 

På Hustveit  har Stian denne veka fortsatt med arbeida for Friluftsrådet vest.

 

HMS

Det er 1. November i dag og krav til vinterdekk med mønsterdybde minst 3mm på personbil og 6mm på lastebil, I tillegg må lastebil ha med kjetting til alle hjul.

 

Gratulera så mykje til Tor Helge Bø som blir 70 år på søndag!

 

Dette betyr også at han og går av som pensjonist idag, og kan sjå attende på ei lang fartstid hjå oss. Tusen takk for innsatsen Tor Helge!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.