BS Nytt veke 46

Då er me i havn med ein del store prosjekt og fokus er no på å skaffa nye.

I går hadde me slutt-synfaring på vegen i Vatndal, alt vart godkjent og prosjektet er med dette i mål for vår del.Statnett spanderer eit par kaker som me feirar med i maten i dag!

 

Arnt Øystein lagar grøft og ordnar til«grusbanen» etter prosjektet i Åbødalsvegen, også Bjørn Andre har litt oppdrag som rest etter Åbødalsvegprosjektet hjå Kjetil Rasmussen og også for Ryfylke Bygg med grunnarbeid for leiligheitane i same område.

 

I Hyttefeltet Haugane 3 nærmar no arbeida seg sluttførte og me fullfører med å gruse vegane no.

 

På inngangspartiet til Kiwi er fortsatt Darius og Alf Ottar på plass og montere nå rekkverk

 

For Saudefaldene har Atle og Tor Helge denne veka fått støypt ringmurfundamenter til nytt lagerbygg i Hellandsbygd

 

På Eramet har Tommy – Gjermund og Nils Gunnar denne veka utført platestøyp ved grop A og i harpebinga på MOR anlegget.

 

For Veidekke på Statnett er RS – stillas no i gong med førebuingar for arbeida for sikring av fjellveg, og etter kvart for sprøytebetong på denne.

 

På Norsk Stein Har Leif Kåre og Johnny fått støypt støttevegg på vaskeanlegget og er komne i gong med ringmur for eit ventilasjonsrom på kontorbygget.

 

Geir Egil og Håkon er fortsatt utleigde til Ryfylke Bygg, men har denne veka flytta til prosjekte tved 2. etasje på DMS en.

 

Nye tilbod.

Måndag leverer me tilbodpå grunn-, betong og VA arbeida på Sauda Kommune sitt reinseanlegg som skal byggjast på Tangen.

 

Arbeida med riving og rehabilitering av stasjon 1 i Hellandsbygd er enda ikkje avklart, men fråkommunen gir dei positive signal, og arbeidar for at dette skal realiserast.

 

Me har fått eit oppdragfor Sauda Fjernvarme med å legge Fjernvarme i området rundt idrettsbanen. Mevil starte dette snarast og håpar på fortsatt lite frost i bakken for dette.

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.