BS Nytt veke 47

Godt vær og fortsatt mykje variert arbeid hjå oss.

På Norsk Stein har Leif Kåre og Johnny denne veka armert og forskalt på fundament for transportbånd og rundt pelehoder for søyler på sikteanlegget til finverk 100.

Olav og Kjell har fortsatt på diverse gravearbeider, og mot slutten av veka har Øyvind vore engasjert som grøfte/hjelpemann for Kjell.

Norsk Stein har og bestilt betongarbeid direkte som hjelper litt på ordrereserven vår når det gjeld slike arbeider.

I Svandal har Håkon og Geir Egil støypt vegger på annekset til Magne Prestegård,og er nå i gong med å klargjør for støyp av punktfundamenter og golv påbygget.

 

For BRG på Statnett Austerheim har Nils Gunnar og Gjermund denne veka støypt fundament for ny motorisert port ved anlegget sin hovudinngang.

Tommy har også flytta seg ned til Statnett Austerheim eit par dagar for ein  arronderingsjobb rundet ei mast.

 

På Fivelandselva kraftverk er me i gong med kabelgrøfta i vegen, og me har skoga første del av røyrgate-traseen

 

Arbeida med Tjødnaskarvegen er i full drift og framgang, og det vart sprengt ei stor salve på ca 3000 m3 i går. Denne planlegg me no å knuse, for å forsterke vegane.

 

På fjernvarmegrøfta ved Portvakta til Eramet er det no gjort røntking av sveisane, der alle vart godkjende. Det skal også utføres trykktesting, og det vert da klart for å fylle attende i denne delen av grøfta.

Ved Pit 2 på Eramet har Wojciech og Darius gjort ferdig arbeida, i tillegg har dei klargjort for platestøyp på terminal-stasjonar.

 

HMS – Eramet rapporter avvik og lever Ta 5!

Stein Vidar og eg var i HMS møte hjå Eramet onsdag. Der fekk med helsa på Fabrikkdirektør Tor Erik Tvedt som hadde ein gjennomgang av diverse ulykker og hendingar i Eramet den siste tida. Noko var på internasjonalt konsern nivå, men like fullt nyttig å trekke lærdom av. Ein del hendingar var også henta lokalt, og også frå leverandørar til Eramet, slik som oss.

Bodskapen er enkel og samanfallande med det som gjeld internt hjå oss:

Tenk alltid sikkerhet! –bruk sunn fornuft! Og rapporter avvik.

I tillegg må vi hugse å melde inn Ta 5 ved arbeid på Eramet!

 

 

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.