BS Nytt Veke 49

Førjulstid og førjulsvær. Noko rolegare tider, men me trør til i grustaket.

Me er så vidt i gang med den spede byrjinga av Reinseanlegget på Tangen. Inntil vidare kan me bare gjere enkelt gravearbeid som ei gravemelding tillet, inntil alt det formelle er på plass for ein ordinær tillating av  igong-setjing.

Diverre ser det no ut til at dreg ein del ut, og me må nok stoppe arbeida og flytte maskina vekk for ein periode inntil dette er klart.

For Eirik Birkeland har me ordna utvendig drenering og isolering av område for ny carport.

Hjå Paul Bjarne Foss på Brekke (bilete over) fekk me støypt grunnmur på tilbygget, og har fått skjært utsparingar for nye dører i gammal mur.

 

Hjå Valentin Svelland er Bjørn Tore komen langt med vegbygging fram til naustet.

 

På Norsk Stein har me fått støypt fundamentplata til vaskeanlegget og er no i gong med forskaling av fundament til ny pumpecontainer i bruddet.

 

I grustaket har me litt ekstra innsats no, sidan det er rolegare på prosjektfronten. Me får tatt litt opprydding og avdekking, og me tek også litt tiltrengt vedlikehald på knusarar og diverse utstyr.

 

Frå Blandeverket har me med omsyn til årstida faktisk grei leveranse for November og første veka i Desember har og vore bra.

 

For Veidekke  på Statnett held me fortsatt på med sikring av fjellsida og utskifting av kum - ringar rundt olje-utskillar.

 

Me har og hatt ein jobb for Saudefaldene med etablering av ei fundamentplate i Hellandsbygd.

Me har og hatt nokre diverse småjobbar, og Geir Egil og Håkon er denne veka attende med å vara utleigde til Ryfylke Bygg.

 

Julabord

Me ser fram til tradisjonelt Julabord på Sauda Fjorhotell kl 19.30 i kveld. Me vonar det vert god mat og drikke og god stemning slik det pleier å være!

 

Jula-avslutning

Fredag 21. desember tek me den tradinsjonelle juleavslutninga i matsalen me møter opp kl. 12.15 og kosar oss resten av denne fredagen!

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.