På Norsk Stein har me auka bemanninga denne veka, på armering, og klargjering av boltegrupper, for å få støypt fundamentet til pumpecontaineren onsdag rett øver nyttår.
Samtidig er fortsatt Kjell og Olav der, me ser Kjell med maskin i solnedgang på biletet over (dagens hovudbilete).
Hjå Airin Solland på Saunes fekk me støypt veggene til carporten i går.
På Brekke, hjå Paul Bjarne Foss har me denne veka fylt inntil grunnmuren og klargjort grunnarbeida for påbygg og ny garasje.
For Veidekke på Statnett har me fått utført diverse arbeider inklusiv montering av rekkverk med autovern på støttemur.
I Åkrafjorden var det ein gjeng i starten av veka som jobba lange dagar med å tette nokre lekkasjar i Fjæra tunellen. Dette gjekk bra, og no står det att noko sprøytebetong som vil bli ordna utpå nyåret.
Arbeida med fjernvarmerøyr ved stadion er fortsatt i gong.
På lageret vårt på Birkeland, sprenger me noko meir fjell, for å produsere knuste massar i grustaket, og for opparbeide tomta enda meir.
Nytt Arbeid:
Me har fått oppdrag med tomt og betongarbeid for nytt bustadhus i Trosavikåsen.
Me har no fått noko av anbodspapira til Risvollelva kraftverk frå SKL. Og me vil bruka tid på å rekne på dette i starten av januar.
HMS- Juleferie
Då er det tid for at julefreden kan senka seg og me får ein liten og velfortjent ferie. Det treng me nok noko og ein kvar. Me oppmodar til å kople av og gjere noko anna, og nytte tida godt med familie.
Gratulera med vel overstått dag i går til Alf Ottar! Og gratulera til Geir med dagen hans på sjølvaste nyttårsafa!
Ha ei god jul og eit godt nyttår!