Bilete frå gravemaskin i arbeid med Skogvegar på Espeland

BS Nytt veke 7

Denne veka har me fått litt snø og vinter. Likevel går arbeida våre bra rundt om.

På Norsk Stein er Leif Kåre og Johnny i full gang med bingen for metall-utkaster. Olav og Kjell er på diverse gravearbeider, og me har kvar veke utleige til vedlikehald..

 

På Eramet er det god framdrift med betongarbeid på det nye pumpehuset.

 

Gjermund, Nils Gunnar og Øyvind har no fått takstein på plass på det nye lagertilbygget for BRG inne på Statnett Austerheim.

Stian er i full gong med maskinarbeid for Brødrene Thorkildsen der inne.

 

Darius og Wojciech er i gong med betongarbeida for kraftstasjonsbygget til Fivelandselva kraftverk. Og Tommy og Bjørn Tore driv for fullt med sprenging og utgraving av grøftetraseen for røyrgata oppover.

 

Skogsvegane på Espeland har Elfinn og Vetle god framdrift på til tross for litt snø denne veka. Dei får hjelp frå lastebil til masse-transporten mellom dei to gravemaskinane.

 

 

 

Gratulera med dagen til Terje Jekteberg på søndag 16.02.

 

Ha ei god veke!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.